fredag 28. mars 2014

Mini eksplorasjonsboks

Har prøvd meg på ein eksplorasjonsboks, denne blei litt liten til mitt formål. Må prøve å lage ein i eit større format neste gong.

Konfirmasjonskort

Har laga nokre konfirmasjonskort i lag med ei veninne. Ark, pynt og stempel frå kort og godt.
Det smale kortet kan ein også lage som invitasjonar om ein vil.
Alt eg har brukt på desse korta har eg kjøpt på papirplaneten.

Nytt kort frå jentungen

Mi datter på 8,5 år har laga eit esal card. Ho har sjølv valgt fargar, pynt og motiv. Eg har kun hjelpt til med å skjere ut panela.